Årsrapport frå utplassering

Skuleåret 2001 / 2002

 

For

Kristian Hiim

 

Ved

Universitetet i Bergen

Institutt for den faste jords fysikk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Innhald

 

Innhald. 2

Innleiing. 3

Universitetet i Bergen. 4

Organisasjonskart 4

Institutt for den faste jords fysikk. 5

ELAB, Institutt for den faste jords fysikk. 5

Presentasjon av det eg jobbar med. 6

Linux. 6

GNU General Public License. 7

HTML. 7

PHP. 8

Apache. 8

MySQL. 9

C / C++. 9

Qt 10

DHCP. 10

Phorum.. 10

LTSP. 11

Content management systems. 11

Yrkesopplæring. 13

Arbeidsdagen. 13

Helse, miljø og sikkerhet 13

Mi framtid innan yrket 13

Evaluering. 14

 

 

 


Innleiing

 

Eg heiter Kristian Hiim, og går på Serviceelektronikk VK2, ved Askøy Videregående Skole.

 

På linja har me ei utplasseringsordning der me (elevane) får vera utplassert i bedrift kvar fredag, for å få yrkeserfaring og praksis. I tillegg til å vere utplassert berre fredagar, har eg og ein del andre fått lov til å vere utplassert på torsdagar også.

 

Eg er utplassert på Universitetet i Bergen, Institutt for den faste jords fysikk, Elab. Eg møter opp kl. 08.00, og jobbar til kl. 16.00 dei dagane eg er utplassert. Arbeidsoppgåvene eg får går på å finne løysingar på problemstillinger, lære bruk av verktøy, og lære aktuelle programmer og teknikker innanfor data og elektronikk. Eg jobbar for det meste i Linux. Kontaktpersonen min på Universitetet er Ole Meyer.

 

I denne rapporten vil eg fortelle litt om Universitetet, og om Institutt for den faste jords fysikk. Eg vil også fortelle om det eg jobbar med, og om korleis arbeidsdagen min er.


Universitetet i Bergen

 

Universitetet i Bergen har ca. 17 000 studentar, og vel 2500 ansatte. Det er eit byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til dei sentrale delane av Bergen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområder, organisert i sju fakultet og rundt 90 institutt og faglege sentre.

 

 

 

Organisasjonskart

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Institutt for den faste jords fysikk

Institutt for den faste jords fysikk, eller IFJ, består i dag av 40 ansatte fordelt på vitenskapelige, tekniske og administrative stillingar og 36 hovedfags- og mastergradsstudentar. Det er i alt 32 enkeltemner fordelt på dei tre studieretningane paleomagnetisme / geomagnetisme, petroleumsgeofysikk og seismologi.

 

Den faste jords fysikk omfattar studiet av jordas oppbygning, samansetning og utvikling ved hjelp av fysiske metodar. Kartlegging av jordskorpa og dei ressursar som er knytta til den er av sentral betydning. Faget støtter seg til kunnskap i matematikk, geologi, fysikk, og for nokon retningar informatikk og kjemi.

 

 

 

ELAB, Institutt for den faste jords fysikk

ELAB, der eg er utplassert, jobbar med det elektroniske og tekniske utstyret til instituttet. Dette går på alt frå vedlikehald av utstyr, og til utvikling av programmer på data som kan kommunisere med utstyret. Instituttet har ein stor instrumentpark som må vedlikeholdes. I tillegg så deltar Elab på tokt, og har ansvaret for det tekniske utstyret der.

 

Elab består av tre fast ansatte, en overingeniør og to avdelingsingeniører. Elab har også flere lærlinger i Serviceelektronikkfaget.


Presentasjon av det eg jobbar med

 

Eg har jobba med ein del forskjellig dette halvåret. Her fortel eg litt om dei tinga eg jobbar med. På maskinen eg jobbar med brukar eg Red Hat Linux som operativsystem, og det meste eg gjer på utplasseringa, gjer eg i Linux. Derfor begynner eg med det.

 

Linux

Linux er eit operativsystem basert på Unix. Det er eit stabilt og effektivt system, som egner seg godt til servermaskiner. Systemet er eit fleirbrukarsystem, og er designa for å fungere i nettverk med andre maskinar.

 

Linux er lisensiert under GNU GPL, og er derfor fri programvare. Dette er grunnen til at det finnes mange forskjellige distribusjonar av Linux, som Slackware, Red Hat og Mandrake.

 

Dei forskjellige distribusjonane er alle basert på Linux kjernen. Det som varierer er den programvaren som kommer saman med distribusjonen. Det kan vere over tusen programpakker med i ein distribusjon. Installasjonsprogram som følger med varierer også mellom distribusjonane. Nokon er lette å installere, medan andre er meir tekniske.

 

Det som er felles for Linux-distribusjonane er at dei inneheld mykje serverrelaterte programmer, som webserveren Apache, e-post-server, ftp-server, ssh-server og smb-server. Linux er også ein veldig bra plattform for programutvikling, og støtte for programmering er ein naturlig del av ein kvar Linux distribusjon. Det er ofte vanlig at programmer til Linux kommer som kode, som ein må kompilere sjølv.

 

Linux er også eit veldig sikkert system, noko som igjen gjer det egna til serverbruk. Ein av grunnane til at det er sikkert, er at kildekoden til Linux er open, så alle som vil kan gå gjennom den, og forsikre seg om at det ikkje er nokon bakdører eller lignende.

 

Ein anna grunn til at Linux er sikkert er at det er eit fleirbrukarsystem. Ein brukar har berre mulighet til å forandre på sine eigne filer og innstillingar. Det vil seie at ein brukar i praksis berre kan øydeleggje for seg sjølv. Dersom ein skal gjere nokon systemendringar eller installere ny programvare, må ein logge inn som root (administrator i Linux). Root har tilgang til heile maskinen. Ein må derfor vere meir forsiktig når ein loggar inn som root, slik at ein ikkje øydelegg noko.

 

Når deg gjeld brukarvennlighet, så har Linux ein del å ta igjen. Linux er meir for dei som ønskjer å bli litt skitne på hendene. Skal ein installere noko, får ein ofte følelsen av at ein faktisk må gjere det meste sjølv. Dette kan vera frustrerande for ein som aldri har vore borti ein maskin før. Men ein lærer mykje meir av det. No har nyare versjonar gjort det enklare å installere dei fleste ting, men det ligg framleis i botn at dersom ein vil ha noko til å fungere, så hacker ein på systemet til det fungerer.

GNU General Public License

Linux, og mange andre programmer både i Linux og utanfor, er lisensiert under GNU GPL lisensen. Denne lisensen har, i motsetning til andre lisenser, til hensikt å garantere frihet til å dele og forandre fri programvare, og å sørge for at programvaren er fri for alle.

 

Eit program under GNU GPL kan fritt kopieres, og kildekoden skal vere tilgjengelig for dei som ønskjer den. Ein kan altså modifisere, og distribuere program under GPL, så lenge lisensen også følger med. Dvs. ein kan ikkje forandre lisensen. Alle som mottar ein kopi skal ha rett til å modifisere og kopiere programmet, og dei skal vite at dei har rett til det.

 

Fri programvare betyr at ein har rett til å kopiere og modifisere programmet. Pris er ikkje inkludert i lisensen. Ein som distribuerer fri programvare kan ta betalt for å distribuere programvaren dersom han ønskjer dette. Det er mange som distribuerer Linux som tener på å selge kopier av Linux, samt brukarstøtte og dokumentasjon. Red Hat er eit godt døme på dette.

 

 

 

HTML

HTML står for Hyper Text Markup Language. Dette er eit språk som blir brukt til å lage websider.

 

Prinsippet for HTML er at den fortel nettlesaren, (til dømes Netscape), kva som skal vises, men ikkje nøyaktig korleis dette skal vises. Ein kan til dømes definere ein tekst som overskrift, og ein tekst som ein link. Det er opp til nettlesaren og formatere sida, slik at den vises korrekt på maskinen. Dette gjer at html-sider lett kan vises på ulike plattformer og system. Men det er ikkje sikkert at alle system og nettlesarar viser sidene likt. Dette er eit problem, som ein må ta hensyn til når ein utviklar sider for internett.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

PHP

PHP (Hypertext Preprocessor) er eit verktøy for å kunne lage dynamiske HTML-sider. Det blir ofte kalla eit serverside scriptespråk for HTML. Serverside betyr at scriptet blir utført på serveren, i motsetning til JavaScript som blir utført på klientmaskinane.

 

Forskjellen på PHP og HTML er som følger: Når ein nettlesar skal vise ei HTML-side, sender den ein forespørsel til webserveren om sida. Webserveren sender så sida tilbake. Skal nettlesaren derimot vise ei PHP-side, skjer ikkje det same. Når webserveren mottar ein forespørsel om ei PHP-side, vil den gå gjennom PHP koden, og lage ei HTML-side ut frå dette. Denne HTML-sida blir deretter sendt tilbake til nettlesaren. PHP-sider blir på denne måten dynamiske, og kan vise forskjellig innhald ettersom det er nødvendig.

 

For at PHP skal kunne brukes, må det vere installert på servermaskinen, og webserveren må vere konfigurert for dette. Klientmaskinene (vanlege maskinar operert av brukarane) treng ikkje noko ekstra programvare for å sjå PHP-sider.

 

PHP er basert på programmeringsspråket C, noko som gjer det lett å lære dersom ein allereie er kjend med C.

 

PHP er også lisensiert under GNU GPL.

 

 

 

 

Apache

Apache er den mest brukte webserveren på internett. Ein webserver er eit program som kjører på ein servermaskin. Dette programmet gjer det mulig for maskiner tilknytta serveren, enten via internett eller lokalnett, å få tilgang til websider på serveren.

 

Apache overfører websider via http (hyper text transfer protocol), som opererer på port 80. Det som skjer er at når serveren mottar ein forespørsel om ei side, vil den sende tilbake informasjon, alt etter kva den er konfigurert til å gjere. HTML-sider vil til dømes sendes tilbake slik dei ser ut på serveren, men PHP-sider vil gå gjennom preprosessoren først, slik at det lages ei HTML-side som blir sendt.

 

Apache er lisensiert under GNU GPL.

 

 

MySQL

MySQL er ein variant av SQL-databasane (Structured Query Language). Ein MySQL-server er eit program som kjører på ein maskin, og gjer brukarar tilgang til databasar. Ein brukar må ha eit brukarnamn og passord, for å komme inn i databasar, og brukarar kan ha forskjellige rettighetar til dei forskjellige databasane på maskinen.

 

Dersom ein har ein MySQL-server kan ein kople seg til den på mange måtar. Ein kan for eksempel kombinere ein MySQL-database med ei PHP-side på internett. På denne måten kan ein få tilgang til databasen via internett. Ein kan også lett lage programmer i C eller andre programmeringsspråk, som koplar seg opp mot databasen og hentar ut informasjon.

 

Databasen, som er ein relasjonsdatabase, er veldig fleksibel og rask, og blir ofte brukt i saman med Linux, Apache og PHP.

 

MySQL er, som det meste i Linux, også lisensiert under GNU GPL.

 

 

 

 

 

C / C++

C og C++ er programmeringsspråk. C er eit strukturert språk, som er veldig mykje brukt i programvareutvikling. C++, som er basert på C, er eit objektorientert språk, som er i ferd med å ta over for C.

 

Når ein har skrive eit program i C eller C++, må dette kompileres. Dette vil seie at ein gjer kildekoden (lagra i tekstfiler) om til maskinkode. Denne maskinkoden kan ein deretter kjøre på maskinen, som eit vanleg program. Kompilatorar (program som kompilerer kildekoden) for C og C++ følger med alle Linux-distribusjonar.

 

Når ein utviklar programmer bruker ein ofte bibliotek (libraries), som inneheld mange nyttige rutinar og funksjonar. For å bruke desse biblioteka inkluderer man ein link til dei i programkoden, og når ein kompilerer programmet, koplar ein dei saman med programmet. Dette er ein måte å bruke kode om igjen, og det sparar folk frå å finne opp hjulet kvar gong dei skal lage eit nytt program.

 

 

 

Qt

Qt er eit bibliotek for C++ som gjer at ein lett kan utvikle programvare med grafisk brukargrensesnitt. I tillegg til å vere objektorientert, er Qt også eit kryssplattform bibliotek. Det vil seie at program skrive i rein Qt vil kunne komileres og kjøres på forskjellige plattformer. Qt støtter til no Linux, Windows og Mac. Dette gjer at program som utvikles lett kan transporterast mellom systema utan å forandre kildekoden.

 

I tillegg til å vere eit veldig bra bibliotek, følger det også med eit program, Qt Designer, som gjer at ein enkelt kan utforme og lage program, utan å måtte kode alt for hand.

 

Qt er utvikla av Trolltech, som er eit norsk firma. Det er fleire lisensar på Qt, men den til Linux er ganske lik GNU GPL. Den gjeld for utvikling av fri programvare. Dersom ein skal utvikle kommersiell programvare må ein kjøpe ein lisens for Qt.

 

 

 

 

 

 

DHCP

DHCP (Dynamic Host Configuration Protocol) er eit program som deler ut IP-adresser til andre maskinar. Den fortel også maskinane om default gateway (internett-tilkopling). Det er to måtar å dele ut IP-adresser på. Ein kan gje faste IP-adresser basert på mac-adressa til nettverkskortet, eller ein kan dele ut dynamiske IP-adresser, etterkvart som ein får forespørslar om IP. Dette konfigureres på DHCP-servermaskinen.

 

 

 

Phorum

Phorum er eit diskusjonsforum for internett. Det er laga i PHP, og er veldig greitt å installere og sette opp på ein maskin. Det bruker MySQL til å lagre informasjonen i forumet. Phorum kan konfigureres, eller tilpasses behov. Det er ganske fleksibelt og blir brukt på fleire sider på nettet.

 

 

 

LTSP

LTSP (Linux Terminal Server Project) er eit prosjekt som går ut på å bruke ein maskin som terminalserver, og sette opp tynne klientar som ein koplar opp mot serveren.

 

Dei tynne klientane er utan harddisk og CD-ROM, og startar opp via nettverket. Maskinen kan starte på to måtar, men prinsippet er det same. Maskinen startar enten frå ein oppstartsdiskett, eller frå ein boot-ROM på nettverkskortet. Det som så skjer er at maskinen søker etter ein DHCP-server i nettverket. DHCP-serveren, som ofte kjører på terminalserveren, svarar og sender IP-nummer til klientmaskinen. I tillegg sender den informasjon om kjernen som klientmaskinen skal laste. Klientmaskinen overfører kjernen frå terminalserveren, og startar opp som ein vanleg maskin. Deretter kan ein logge inn, og bruke programmer, som om ein satt på terminalserveren.

 

Grunnen til at dette enkelt kan settes opp, er måten Linux er bygd opp på. Det er enkelt å sette opp nettverk, og ein kan lett kjøre programmer på andre maskinar, og vise dei på sin eigen.

 

Prinsippet for terminalservere og tynne klientar er praktisk, fordi ein kan utnytte gamle maskinar som tynne klientar. Ein klientmaskin treng ikkje noko særleg ressursar, sidan den ikkje skal kjøre programmer.

 

Det går også an å konfigurere LTSP slik at ein kan kjøre program lokalt også. Dette kan vere dersom ein klientmaskin er kraftig, og / eller ein vil redusere belastninga på serveren.

 

 

 

Content management systems

Å vedlikeholde ei lita internettside er ingen problem for ein person, men dersom sida begynner å vokse, trengs det fleire folk for å vedlikeholde sida. Content management systems (CMS) er system som gjer det enklare for folk å vedlikeholde ei webside.

 

Det finnes mange ulike systemer, men felles for dei fleste eg har undersøkt er at dei har eit slags administrativt interface der personar kan logge seg inn med brukarnavn og passord, og gjere forandringar på websida, som for eksempel å legge til ein ny artikkel.

 

CMS holder rede på alt som er inne på sida, frå artikler, bilder, pollings (avstemming) linker og lignende, og sørger for at det vises korrekt når folk besøker sida. Data blir som oftest lagret i ein database, som MySQL.

 


XML

XML er eit språk som er i slekt med HTML. Hensikten med XML er å standardisere måten data blir lagret på. XML er rett og slett eit fil-format, som kan brukes til å lagre data på ein måte som gjer at både mennesker og maskiner enkelt kan forstå innholdet.

 

Fordelen med standardisering er at ein enklare kan utveksle data uavhengig av plattform eller system. XML-filer er tekst-filer, som kan leses av alle systemer og plattformer.

 

 


Yrkesopplæring

 

Arbeidsdagen

Eg møter på Universitetet i Bergen på Institutt for den faste jords fysikk klokka 08.00 på torsdagar og fredagar. Elab, der eg jobbar, er lokalisert i Realfagbygget i 3. etasje. Eg har ein datamaskin der som eg bruker.

 

Sjølve arbeidet er ganske fritt, og eg jobbar sjølvstendig. Oppgåver eg får kan variere frå praktiske oppgåver, og til oppgåver som går på å sette seg inn i korleis ulike system fungerer. Programmering og serveradministrering er to ting eg har jobba mykje med. Dokumentasjon for det eg jobbar med finn eg i bøker eller på internett. I ein del av oppgåvene eg får må eg også sette saman maskinar, eller skifte maskinvare og konfigurasjon.

 

 

Helse, miljø og sikkerhet

Når deg gjeld HMS så har eg ikkje vore i så mange situasjonar som krev særskilde HMS-tiltak. Det einaste eg har vore borti er at eg bruker ei jorda armlenke når eg jobbar inni datamaskinar, for å ESD-sikre utstyret.

 

Når det gjeld arbeidsmiljøet synest eg det er veldig bra. Eg trivst godt på arbeidsplassen.

 

 

 

Mi framtid innan yrket

Det eg jobbar med på utplasseringa er veldig interessant og kjekt. Programmering og nettverk er noko av det eg mest ønskjer å jobbe med, og eg ser på denne utplasseringa som veldig positiv for meg. Internett og web er også veldig interessante områder som eg ønskjer å jobbe meir med.

 

Det å lage programmer for elektronisk utstyr som ein koplar til datamaskinar er også interessant, og eg ser og på det som eit mulig framtidig arbeid.

 

Når det gjeld faget Serviceelektronikk, så synest eg Universitetet er ein variert og positiv plass å vere utplassert. Eg får jo sjølvsagt ikkje så mykje kunnskap om kopimaskinar og slikt der, men det er heller ikkje det eg ønskjer å jobbe med. Servere og datanettverk derimot lærer eg mykje om. Eg lærer også ein del om elektronisk utstyr på avdelinga.

 


Evaluering

 

Opplegget med utplassering har fungert veldig bra. Det at eg får vere utplassert to dagar i veka no er også veldig positivt. Arbeidsoppgåvene er ganske frie og varierte, og eg får jobbe sjølvstendig. Eg lærer på den måten eg meiner eg lærer best, nemlig å sette meg ned å prøve ting sjølv, og eventuelt spør om hjelp dersom eg skulle stå heilt fast. Eg får ganske mykje ansvar for at eg sjølv gjer noko, og det meiner eg er positivt. Dersom eg ikkje har noko å gjere, prøver eg ut nye ting, og undersøker system.

 

Eg meiner denne forma for å lære passar meg. Eg føler at eg får utbytte av å jobbe på Universitetet, og eg får kunnskap om og erfaring med programmer og system eg kan tenke meg å jobbe med seinare.

 

Når det gjeld helse, miljø og sikkerhet er det ikkje så mykje å ta hensyn til i dei oppgåvene eg til no har fått, bortsett frå ESD-sikring. Eg trivst godt, og ser frem til dei dagane eg skal vere utplassert.

 

Kundeservice får eg ikkje så mykje erfaring med på Universitetet. Dette kan jo vere ein viktig del av yrket, alt etter kva form for arbeidssituasjon ein er i. Serviceelektronikarar som reiser ut til kundar må sjølvsagt kunne behandle kundar rett. Men den form for yrke eg ser for meg vil kanskje ikkje innehalde ein så stor grad av kundebehandling. Eg ønskjer meir å jobbe med administrering av nettverk og programmering. Sjølv om ei IT-avdeling kanskje må handtere andre ansatte i bedrifta som kundar når ein skal hjelpe til med noko, vil dette ikkje vere på same måte.

 

Ordninga med utplasseringa er altså etter mi meining veldig bra, og bør absolutt fortsette.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kilder

 

Universitetet i Bergen sine sider:

http://www.uib.no

http://www.ifjf.uib.no

http://www2.ifjf.uib.no

 

Linux

http://www.linux.org

 

GNU General Public License

http://www.linux.org/info/gnu.html

 

Red Hat Linux

http://www.redhat.com

 

Apache Software Foundation

http://www.apache.org

 

PHP

http://www.php.net

 

MySQL

http://www.mysql.com

 

Trolltech (Qt)

http://www.trolltech.com

 

Phorum

http://www.phorum.org

 

LTSP

http://www.ltsp.org